Stadnavn Vossestrand Fullversjon
Kjelder er det svært viktig å dokumentere, det er også fint om ein tar med fødselsåret til informanten, td. Ole Kristian Årmot f.1986.
Dette har betydning om ein skal vurdera kjeldene eller namna opp mot kvarandre.
Om du også registrerar namn med skriftlege kjelder er det viktig å dokumentere dette med vanleg kjeldehenvisning. Dette gjer du i informant tekstboksen. Dette gjeld også særoppgåver og private nedskrivingar. Det er viktig at det kjem fram kven som er den opprinnelege nedskrivaren i private samlingar.
Underkategoriar i tekstboksen «Om staden»
Desse er 1.namneopphav, 2.andre nytta namn, 3.andre opplysingar og 4.kjelder
1. Om opphavet til namnet, kvifor heiter plassen det den heiter?
2. Dette løyser problematikken med fleire nytta namn om samme stad, noko som er svært vanleg. Ulike namnekrinsar nyttar ulike namn eller namna endrar seg med tida.
Eg registrerar det namnet som verkar til å ha flest informantar eller kjelder, altså den størtse namekrinsen. Andre namn fører eg inn i dette punktet og tidfestar dei om eg kan.
3. Bruken av staden, spesielle hendingar eller kulturminner. Rett og slett kva det måtte vera som har historisk verdi som kan knyttast til staden.
4. Kjelder som evt. er brukt i teksten. For eksempel. gardssoger og ættebøker.
Elles vil eg oppfordra til å vera presis i føringane. Ha som mål at folk som kikkar på namna skal kunne finne dei i landskapet. Bruk dei ulike kartlaga aktivt, spesielt dei gamle flyfotoa er svært nyttige. Svært mange stadnamnsobjekt som er vekke finn ein i dei gamle flyfotoa. Vårstølsteigar og utslåtter som er attgrodd i dag er gode dømer på dette, samt gamle vegar og bygingar.
Stadnamnsobjekt som er vanskelege eller nær sagt umoglege å lokalisera i topografiske kart kan ein ofte finne i flyfoto, eller omvendt.
Eg legg og ved nokre linkar til gode hjelpeverktøy: